Vi har klubblokale i Rådhusgata 4 (bak "Telebygget") og har kompressor, båt, ryddedugnader, dykketurar og medlemsmøter.
Faste klubbdykketurar!
Klubben arrangerer klubbdykketurar i nærområdet den første søndagen i kvar månad. For resten av 2023 er det dermed følgjande datoar som gjeld:
3. september
1. oktober
5. november
3. desember
Lyst til å vere med? Nokre dagar før dykketur legg vi ut hending på Facebooksida vår. Meld deg på der :)
Vi startar med utleige av dykkerutstyr frå september 2023!
Klubben veit at det er kostbart å kjøpe inn "full pakke" med dykkerutstyr. Vi har derfor søkt og fått støtte frå SpareBank 1 SMN til å kjøpe inn dykkerutstyr som vi kan leige ut til medlemmane og andre dykkarar. Vi startar opp med utleige frå september 2023.
Medlemmar av klubben får spesielt gode prisar på leige av utstyr. Før oppstart av tilbodet vil vi oppdatere prisinformasjonen under menyvalet "Prisar" ovanfor.
Treng du å fylle luft på flaska di?
Kontakt Alf-Henning Ervik (90198535) eller Audun Risahagen (91801411) for å bestille luftfylling.
Flasker som er trykkprøvde i løpet av dei 24 siste månadane kan fyllast, 36 månader for nye flasker.
Medlemmar som har medlemskap med luft kan fylle sjølv etter dei har fått opplæring av materialforvaltar, kontakt Alf-Henning Ervik eller Audun Risahagen for å avtale opplæring.
For nøkkel til klubblokalet kontakt Jørn Nesdal (90948989), dei som har medlemskap med luft får nøkkel.
VRAK
Sunnmøre har klart vatn med stor marin artsrikdom og vrak, og så har vi tuftene av den gamle setra og skogen i Lygnstøylvatnet.