Dykkegjengen - f.v. Sindre, Torhild, Oddbjørn, Helge og Anette. Anfinn hadde ikkje møtt opp endå - og bak kameraet stod Rolf.

6 dykkarar stilte på søndagens dykketur til Lygnstøylsvatnet, trass i halvvegs vermeldingar. Vergudane ombestemte seg til vår favør, og turen vart kjempeflott både dykkemessig og sosialt!

Avreisetidspunkt vart sett til 11:45 frå klubblokalet, med sikte på ferje frå Sæbø kl. 12:30. Vi vart etterkvart 6 dykkarar på turen - Anette, Sindre, Oddbjørn, Helge, Anfinn og Rolf. Dessutan Torhild som heldt seg på land saman med ein 8,5 veker gammal Retriever.

Lygnstøylsvatnet skuffar sjelden - og varta dessutan opp med uventa god sikt. Skogen vart utforska i detalj, og nokre fekk også dykka under vegen. Etter dykket kosa vi oss med grilling og prat.

Lygnstøylsvatnet

Bevis på at Anfinn også var der, sjølv om han ikkje var med på lagbildet ovanfor.

Ein av dei flotte steingardane i Lygnstøylsvatnet.

Eitt av dei karakteristiske trea i Lygnstøylsvatnet.

 

Sist oppdatert ( laurdag 08. august 2009 21:21 )