Dykketur til Florø 21. - 22. november
Bli med på dykketur til Florø - flotte dykk og sosialt samvær. I samarbeid med Florø Froskemannsklubb satsar vi på to dagar med flotte dykkemål, i hovudsak vrak. Dersom veret tillet det, vil det sjølvsagt bli tur til Welheim, men Florø har også andre spanande stader å by på!
På grunn av ulik sertifisering vil det bli ulike dykkemål på same tidspunkt. Men alle er velkomne til å bli med, og vil få flotte dykk, uansett sertifiseringsnivå!
Det er vanskeleg å få overnatting i Florø, så ikkje nøl med å melde deg på!
Les meir om turen ved å klikke på 21. november i "Kva skjer"-kalenderen på høgre side.
Sist oppdatert ( måndag 02. november 2009 09:19 )
Lurer du på korleis det er å dykke?I tilfelle du fortsatt lurer på om du bør prøve å dykke – les her "Mitt personlige lille jubileum..." av Lillian Larsen Ålesund Dykkersenter arrangerer nytt dykkerkurs (OWD) i slutten av oktober, sjekk kalenderen på høgre side. Sist oppdatert ( tysdag 27. oktober 2009 22:41 ) Flott dykketur til Lygnstøylsvatnet
6 dykkarar stilte på søndagens dykketur til Lygnstøylsvatnet, trass i halvvegs vermeldingar. Vergudane ombestemte seg til vår favør, og turen vart kjempeflott både dykkemessig og sosialt! Sist oppdatert ( laurdag 08. august 2009 21:21 ) |
Kjekt klubbtreff på Radbod og SteinnesTorsdag 6. august heldt vi klubbtreff på Steinnes, nærare bestemt på hytta til Asbjørn. Men før det hadde vi 6 dykkarar på Radbod. Sist oppdatert ( laurdag 08. august 2009 21:54 ) Velkomen til ny heimeside!!Velkomen til Volda Dykkerklubb sine nye nettsider. Arbeidet har pågått i eit halvt års tid, og har hatt "før sommaren" som lanseringsmål. Webgruppa har bestått av følgjande 5 personar: Anette Driveklepp, Sindre Svellingen, Lillian Larsen, Oddbjørn Nygård og Rolf Driveklepp. Sist oppdatert ( torsdag 04. juni 2009 23:23 ) |

