utleigeutstyr
Volda Dykkerklubb har fire komplette scuba-sett til leige. NB! Klubben leiger ikkje ut ABC-utstyr, så dette må du stille med sjølv (ABC-utstyr = dykkermaske, snorkel og svømmeføter).
Prisane for leige av utstyret ser du under, og er og tolke slik: Ikkje medlem/medlem.
Dagspris = inntil 1 døgn
Helgepris = intill 3 døgn
| Utstyr | Â Dagspris | Â Helgepris |
| Komplett utstyr ekskl. ABC-utstyr |
 450,-/350,- |  800,-/600,- |
| Flaske m/luft (og evt. bly)Â | Â 150,-/100,- | Â 300,-/200,- |
| Drakt  |
 200,-/150,- | 400,-/300,- |
| Ventilsett | 200,-/150,- | 300,-/200,- |
| Vest |  200,-/150,- |  300,-/200,- |
LUFTFYLLING kr 75,- pr flaske
Komplett utstyr inkluderer ikkje ABC-utstyr.
Størrelsane på draktene/vestane er:
Vestar: 2 stk. i medium og 2 stk i large.
Medium vest passar for dame/mann 160 - 185 cm.
Large vest passar form dame/mann 175 - 200 cm.
(Normalt bygde personar)
Dykketur med Hindholmen søndag 27. juniMøredykk inviterer til dykketur med Hindholmen søndag den 27. juni. Dette er ei skøyte med plass til ca 60 personar. Det blir ein dagstur med dykking, grilling, bading osv osv. Ta gjerne med familie og vennar. Meir informasjon om turen finn du ved å klikke på 27. juni i kalendaren til høgre. Sist oppdatert ( onsdag 23. juni 2010 23:29 ) Dykketur til Florø 21. - 22. novemberBli med på dykketur til Florø - flotte dykk og sosialt samvær. I samarbeid med Florø Froskemannsklubb satsar vi på to dagar med flotte dykkemål, i hovudsak vrak. Dersom veret tillet det, vil det sjølvsagt bli tur til Welheim, men Florø har også andre spanande stader å by på! På grunn av ulik sertifisering vil det bli ulike dykkemål på same tidspunkt. Men alle er velkomne til å bli med, og vil få flotte dykk, uansett sertifiseringsnivå! Det er vanskeleg å få overnatting i Florø, så ikkje nøl med å melde deg på! Les meir om turen ved å klikke på 21. november i "Kva skjer"-kalenderen på høgre side. Sist oppdatert ( måndag 02. november 2009 09:19 ) |
Årsmøte 9. mars 2010
Volda Dykkerklubb heldt årsmøte 9. mars 2010. Her finn du referat frå årsmøtet.
Sist oppdatert ( søndag 14. mars 2010 21:20 ) Lurer du på korleis det er å dykke?I tilfelle du fortsatt lurer på om du bør prøve å dykke – les her "Mitt personlige lille jubileum..." av Lillian Larsen Ålesund Dykkersenter arrangerer nytt dykkerkurs (OWD) i slutten av oktober, sjekk kalenderen på høgre side. Sist oppdatert ( tysdag 27. oktober 2009 22:41 ) |